Det sko' ha vore sommar nå
og du å eg sko' vore små
å du sko' komt forbi som før
forbi som før.
Å ikkje sko' du strømper hatt,
men nakne leggen brun å glatt.
Du sko' hetta Ingeborg,
Ingeborg
Å eg sko' vera stum å stygg
med fregnenase, pannelugg
å motlaust latt deg gå forbi,
gå forbi.
Men ittepå sko' eg ha gått
å rusla for meg sjøl så smått
å lagt meg bak ein stabbestein
å grått
Men himmelen sko' vore blå
så konne eg bli sikker på
at neste dag på samme sti
kom du forbi