I Praha tar du på deg nettingstrømper
og eggjer meg i prismekroners glans.
Mens skuggane blir levande på veggen,
så danser du ein heftig flamedans.
I Wien les eg linjene i handa
og sveiper deg i svarte enkeslør.
Bak stengde dører veit eg du kan tåla
ei iskald einsemd skapt av engleklør.
I München vil du mana meg til glømsel
og maler munnen raud med leppstift
så mine uskyldauge aldri sansar
den kalde, mørke viljes sterke drift.
I Stockholm søv du trygt på silkelaken.
Eg smør deg varsomt inn med blomeeim.
Fortapte skal med slokkast i kvarandre.
To trøtte sjeler som vil lengta heim.