[V] >  [Vreid Lyrics] > Under Isen Lyric
Sponsored Links

Vreid - Under Isen

Album Name:I Krig
Submitted by:nodame
Corrected by:nodame
Published:
Add a new lyric Add a new lyric      Correct this lyricCorrect this lyric
No er me under isen
No er me underlagt
Den grå og skitne isen
Av framand overmakt
Tungt kviler den på landet
Men høyr i fjellet vatnet
Det sender bod med bekkane
Som kviskrar nedad brekkane
Snart skiner våren leande
I breane
No er me under isen
Og den er grå og våt
Det strøymer under isen Så mang ein stille gråt
No er me under isen
Av ufridom og tvang
No er me under isen
Og vinteren blir lang
Men høyr det susar og straumar
Av ville vårnattsdraumar
Så levande og skjelvande
Ein uro gjennom elvane
Det susar under isen av eining tru og tross
Eind dag skal alle bekkar små gå saman og bli foss
Det lever under isen der tusen hjartar slår
Det innestengte Noregs udrepelege vår
© 2003-2024 www.alternatifim.com/ All Rights Reserved.